Laksand i kasse

Salve Håkedal
2004

Fisk var det dårleg med i Tovdalselva frå 60-talet fram til 90-talet. Men mange tok til å kalke i sidebekkar o.s.v., og frå -96 har det vore kalka grundig frå statens side for å få laksen tilbake. Det har ført til at der nå er helst for mykje og for liten fisk i elva. Men og til at laksen faktisk har kome tilbake.

Ifølge Norsk Fugleatlas hekka der "i Aust-Agder et titals par" i registreringsperioden fram til siste halvpart av 80-tallet. Dette har heit opplagt endra seg, for laksanda er langt frå skjelden i Tovdals-vassdraget nå! Men å konstatere hekking er likevel vanskeleg. I "Prosjekt 1995-2004 på fuglenes hekkeforekomst i Aust-Agder" er det fram til og med 2003 berre 7 Konstatert hekking-kodar, og alle dei observasjonane er av uthoppa ungar. Altså ikkje nokon reirfunn.

Då er det reint kaarsleg å ha fått laksand i kasse:

I fleire år har eg hatt ei stor kasse hengande ved elvebreidda. Eit år fann eg laksandfjør foran kassa, og inni kassa låg der to kattugle-egg, så der trur eg det har vore slåsskamp.
Andre gonger har eg sett laksender som tydeleg har vist interesse for kassa mi ved å ta ein sving nedom og foran den, men det var ikkje før i år at ei av dei slog til:
Ein dag låg der ein om lag 120 grams fisk foran kassa, og er ante at noko var skjedd. Heldigvis hadde eg også høyrt mykje til kattugla tidlegare, så eg var ikkje dum nok til bare å kikke inn i holet.. Eg henta ein spegel som var montert på ein lang ståltråd, og stakk den opp foran holet. Det freeste der inne, og før eg fekk sett noko som helst, smalt det høgt frå eit kraftig fraspark inni kassa og ut av holet og inn igjen fòr noko som mest minna om eit spyd. Eg takkar forsynet for at det var spegelen som var der oppe og ikkje auget mitt!

Laksandkassa

Ein dag var eg heldig og kom ned til kassa når anda var ute, og eg talde 8 egg fint pakka over med dun og flis. Eg fekk se ho då ho flaug inn. Det var meir elegant gjort enn eg hadde trudd at ei laksand kunne: Ho entra holet med bein og haue føre, og så smatt ho rett inn.
Men det smalt det og!




Holet er 14cm i diameter.