NOF Aust-Agders logo

Norsk Ornitologisk Forening i Aust-Agder

NOF sentralts logo
Her har du havna: HOVEDSIDA > STYKKER > NOF Aust-Agder

Spetteskau

av Salve Håkedal

På tur våren 2001 i et område sør for Birkeland sentrum, farta det uventa forbi ei kvitryggspett. Det var første gong eg så den arten. I løpet av sommeren og høsten tok eg fleire turer i området for å gjøre meg kjent der. Mye av denne skauen er "forsømt", i gammaldags skogfaglig forstand, så eg gleda meg til den nye vinteren skulle komme på hell igjen.

Endelig fikk eg ein tur ein tidlig søndagsmorra midt i mars. Eg tok meg fram i det ulendte terrenget, og hørte ei ivrig spettmeis, to granmeiser og ei skausjerr (nøtteskrike) som prøvde å lure meg til å tro at den var ein musvåk.. det tok litt tid før eg avslørte luringen.

Etter eindel meir bråkete tråkking i det frosne lauvet, fikk hakkelydar meg til å sette meg ner. Der var det ei flaggspett som henta ei furrukongle. Mens eg i mangel av noe "bedre" satt og beundra den i morrasola, hørte eg ein serie med pip, som på denne tida av året knappt kunne være noe anna enn ei dvergspett! Snart hørte eg også den mjuke tromminga, og fikk øye på den lille fuglen.

Mens eg konstaterte at eg hadde funnet ein trivelig plass, hørtes brått ei anna tromming: Mye kraftigere, og akselrerende mot slutten. Hvitryggspett!

Der satt eg, mens dvergspett og hvitryggspett tromma duett, og flaggspetta jobba i smia si.

Og ei grønnspett skreik "farvel" når eg reiste heimover.